a a Ring oss
Hjelpelinjen for spilleavhengige
Behandling    |    Hjelp deg selv    |    Pårørende    |    Er jeg avhengig ?    |    Økonomisk veiledning    |    Other language

Behandling

Behandlingssteder i Norge
Fjernbasert behandling



  HJEM / Behandling
counseling, xs
Behandling av speleavhengigheit gir gode resultat!


Behandling fungerer

Erfaring viser at behandling av pengespelavhengige har god effekt.


Speleavhengigheit er ein diagnose, det betyr at du har rett til behandling - det slo Helsedepartementet fast alt i 2001. Viss du ønskjer behandling, skal du ta kontakt med fastlegen din eller NAV. Men ver merksam på at behandlingstilboda er spreidd over heile landet, og at det kan vere ventetid.

Dei fleste behandlingstilbod for speleavhengige i Norge er polikliniske. Det betyr behandling i ein til to timar per veke i 8-12 veker. Voksne blir normalt vist til psykiatrisk behandling eller til rusmiddel-institusjonar som tek imot slike pasientar. Men stadig fleire fagfolk innan psykiatri og rusmiddelarbeid gir no behandling til speleavhengige. Ungdom under 18 år skal vanlegvis få plass i barne- og ungdomspsykiatrien (BUP). Dei fleste behandlingstilboda i dag er individuelle, gruppetilbod krev eit vist tal tilviste pasientar som ønsker tilbod om gruppebehandling.

Det finns også eit fjernbasert behandlingstilbod, det vil sei at all behandling foregår via internett og telefon i din eigen heim. Følg lenka over  (Behandling på nett)  for meir info om dette.
 
Klikk på 'behandlingssteder' til venstre for å finne eit behandlingstilbod nær deg.

Ved å ringe Hjelpelinjen 800 800 40 får du vite meir om rettigheitene dine som speleavhengig.

Nyheter  |  Fakta og info  |  Om Hjelpelinjen  |  Personvern  |  Nettstedskart Hjelpelinjen for spillavhengige - 800 800 40

 

Webdesign & publiseringsløning av Imbera AS